Opptur hausten 2021.

Foto: Jannike Brenden Frøyen

Årets Opptur-arrangement gjekk over to dagar; 8. og 15. september.

Opptur; det ligg i ordet kva dette skal vere; ein positiv dag i lag med mange andre, gjerne med litt fagleg innhald og fysisk aktivitet.

Dette er ein nasjonal turdag der målet er å gje alle 8. klassingane i landet ein aktiv dag i regi av DNT. Keipen Turlag er med og vi har som mål å gå turen til Knekkevasshytta. Her får elevar og lærarar litt kunnskap om landskapet, geologi og ikkje minst krafthistoria til dette området i kommunen vår.

Pga. pandemien kunne vi ikkje arrangere Opptur korkje våren 2020 eller 2021 og for at alle elevane våre skulle få opplevinga, valde vi å gjennomføre to arrrangement no i september. Eit for 9. årssteg og eit for 10. Oldenvatn  sponsa flaskevatn til alle og turlaget delte ut Opptur-panneband.

Som alltid stilte Per Arne Sæterlid som turleiar og fagleg ansvarleg på turen og Magne Kjerpeset som formidlar av krafthistoria.

Jannike Brenden Frøyen og Kirsten Grotle stilte for turlaget.


Skrevet av Kirsten Grotle 27. september 2021