HYTTENE VÅRE

Keipen Turlag har 4 hytter - Knekkevasshytta; ubetjent DNT - hytte , dagsturhytta/rastebua Martinbu, nødbua Olavsbu - Hornelen og den private Moldahytta. Alle hyttene ligg i område med mange turruter, både T - merka, lokalt merka og tydelege stiar.

Sjå praktisk informasjon om korleis du bruker hyttene nederst på denne sida.

Kontonummer for hyttebetaling:   nr 3776.20.68495 eller   Vipps til nr. 125674

Planlegg du tur med ei stor gruppe? Gi oss beskjed, så legg vi ut informasjon på denne sida. Takk for hjelpa! 




Den 100 år gamle Knekkevasshytta er eigd av SFE og Keipen Turlag har avtale om å nytte den som ubetjent DNT - hytte. 

Tal sengar: 12

DNT - lås 

Det er ikkje lagt til rette for å ha hund med på hytta.

Kontakt: Steinar Isene

tlf: 45 87 47 37

Du les meir om historia til hytta her

Olavsbu - Hornelen. 

Steinhytta på Hornelen som fungerer som ei rastebu/nødbu fekk turlaget i gåva frå Berle grendalag i november 2019. Hytta vart laga sommaren 1990 i samband med Heksefestivalen som vart arrangert i Berle. Mykje folk er innom her kvart år for å skrive seg inn i hytteboka og for å hente flagget og vise for alle at ein har nådd toppen av sjøklippa Hornelen.  


Moldahytta er eigd av STIF og drifta av Keipen Turlag. 

Tal sengar: 8

Det er ikkje lagt til rette for å ha hund med på hytta.

Ta kontakt med Karstein Løvset for å få koden til nøkkelboks.

tlf. 91 66 68 86

https://Ut.no



Dagsturhytta/rastebua Martinbu

Tal senger: 0

Kontakt: Liv Sigdestad Brekke

tlf. 47 67 92 98

https://Ut.no