Tysdagstur med Keipen Turlag.

No er vi klar for å gå på ettermiddagstur i Keipen Turlag. 

Vi har lenge snakka om å ta tilbake ettermiddagsturane i Keipen Turlag. No gjer vi eit forsøk og planlegg fire turar i tida før sommarferien. Vi har bestemt oss for å gå turar til postar i Turboktrimmen 2021 og hyttene våre. Turane vil vere ettermiddagstur og starte kl 17.00. Dei blir etter kvart annonserte på Facebook. Dette er turar som passer for dei fleste med vanskegrad innafor grøne/blå turar. Vel møtt!

Tysdag 11. mai - Storehovden - post 1 i Turboktrimmen 

Tysdag 25. mai - Moldahytta 

Tysdag 8. juni - Martinbakken - post 2 i Turboktrimmen

Kontaktpersonar: Svanhild Liseth (tlf. 90821572) og Kirsten Grotle (tlf. 91366485)