Vingekvarven

Fellestur

Dato
20. juni kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Keipen Turlag

Søndag 20. juni kl 10.00 blir det tur frå Langevatn- Vingekvarven- Svelgsegga- Sande.

Denne turen er Bremanger sitt svar på Besseggen. På turen får du fin utsikt mot havet, Hornelen i nord, Nordfjord i aust og elles dei majestetiske Devon 'ske fjella i Bremanger. Turen startar frå vestenden av Langevatnet i Myklebustdalen og går mot vest i bra sti. Etter ei stund vert stien borte og lyngrabbar overtek. Siste bakken opp mot toppen er bratt og i mykje stein. Frå Vingekvarven går vi Egga sørvestover mot Svelgsdalsskaret. Dette er eit luftig parti som har punkt som kan vere skummelt dersom det er vått. Frå Svelgsskaret går ein vidare opp på Svelgsegga. Denne føl ein sørvestover til Didrikstien og ned til Sande. Turen passar for folk som er vande å gå i fjellet og er i god form. Det er ein lang tur 7-8 timar. Svart løype! Gode sko, kle og ei god matpakke må du ha. Det er meld "styggjeleg" varmt, så solbriller og solkrem bør du ha på/med. Turen krev påmelding for å organisere skyss frå Svelgen tilbake til bilane ved Langevatnet. Påmelding: Per Arne 95967770