Risesætra, Fagredalen, Trollefjellet

Fellestur

Dato
7. juni kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Keipen Turlag

Litt informasjon om turen til Trollefjelle søndag 7. juni: Turen startar ved Rise næringsbygg i Svelgen, Bremanger kommune klokka 10.00. Vi går i slakk motbakke opp skogsvegen. Når vi har gått ca. 30 minutt går vi over i sti vidare til Risesetra, og fortset i lettare terreng innover Fagredalen. Når vi kjem innover i Fagredalen blir terrenget opnare og vi får ei fin utsikt over terrenget utover mot Gulebrystet og kysten mot Frøysjøen.
I ca. 20 minutt går vi i tettare skog og litt meir utydeleg sti opp til høgre for Fagredalen. Derifrå er det fint og åpent terreng. Vi går på berg og litt lyng. Når vi kjem opp på Trollefjellet er det nydeleg utsikt langt ut mot havet, Kalvåg, Hornelen, Keipen, Rikelofter, Guleslettene og mange andre toppar og landskap. Heile turen tar ca 5-6 timar, alt etter tempo og lengda på pausene. Turleiarar: Per Arne Sæterlid og Steinar Isene

Turleiing v. Per Arne Sæterlid/Steinar Isene