Ulveskaret - Tungedalen

Fellestur

Dato
28. april kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Keipen Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Dette er ein ny tur i Keipen Turlag og vi går forbi ein av postane til Vintertrimmen, som og er SjekkUt-mål.

Turen starter i Hågsskaret, aust for Bremanger kyrkje. Her går vi inn på stien opp Ulveskaret, føl høgda opp på Blæfjellet og tek så av mot Grønheia og går den oppover til Steinfjellet (Torvanger), som er høgaste punktet på denne delen av Bremanger-øya. Vidare går vi over Søre Sanden og kanskje nokon vil ta avstikkaren nord til Karihaugen, før vi går austover mot høgda over Tungedalen,Tjennene og dei gamle minnesmerka frå då det var sel i dette området. Nedturen gjennom Tungedalen er veldig ulikt fjellområda elles på øya. Vi brukar å seie at det er Aurlandsdalen i miniatyr. Bli med og få ein spesiell og historisk turoppleving. Vi kan ikkje love å finne holet i Tunga, men kan ha auga med oss, så kanskje?

Turleiarar: Alice Torvanger og Kirsten Grotle

 

Ulveskaret - Tungedalen

Dette er ein ny tur i Keipen Turlag og vi går forbi ein av postane til Vintertrimmen, som og er SjekkUt-mål. Turen starter i Hågsskaret, aust for Bremanger kyrkje. Her ...