Om Oss

FAKTA  OM  KEIPEN  TURLAG

Søre Hjelmevann med Keipen i bakgrunnen.

Foto: Svenn-Petter Kjerpeset

Keipen Turlag ligg i Bremanger Kommune i Sogn og Fjordane.

Her kan du få turopplevingar som spenner frå storhavet til isbre.

Kommunen har Norges vestlegaste bre Ålfotbreeen 1385 m.oh, Nord -Europas høgaste sjøklippe Hornelen 860 m.o.h. og mange flotte turar i eit spennande landskap.

Keipen Turlag har namnet sitt frå fjellet Keipen 1362 m.oh. Dette er eit landemerke som er synleg i store delar av kommunen.

Bremanger Kommune har eit uendeleg tal lange og korte turar du kan velje i. Her er opplevingar for store og små, unge og eldre. Mange av turane i kommunen har ein merka etter internasjonal standard:

Grønn: Lett løype   Blå: Middels lett løype    Raud: Vanskeleg løype   Svart: Ekstra vanskeleg løype

Andre turar er merka med raude merker på vardar, pinnar og steinar.

T- merka løyper i kommunen er og beskrivne i kartet. Dette er løyper som Hornelen, Keipen og til Ålfotbreen. Dei T-merka turane er merka i kartet for Bremanger. Kommunen har og ei eiga turbok med 104 forskjellige turar å velje mellom. Kart og bok kan du kjøpe i daglegvarebutikker, på Turistinformasjonen og servicekontoret i Svelgen.

Keipen Turlag dekkjer Bremanger kommune i Sunnfjord og deler av Nordfjord. Vi er eit lokallag av Sogn og Fjordane Turlag.

Vi har i dag 229 medlemmar. Keipen Turlag har i 2016 planlagt 26 turar og aktivitetar i turprogrammet. 

Ta kontakt med oss direkte hvis du har spørsmål om desse turane. Kontaktinformasjon finn du på sida her.

       Her er nokre bilder frå året som gjekk:

Barnas Turlag på Berlevatnet

Foto: Kari Songedal

Dette bildet er frå ein turlagstur til Vetvika i 2014.

Foto: Svenn-Petter Kjerpeset