VELKOMMEN  TIL  BARNAS  TURLAG  KEIPEN

Ta kontakt med:

Barnas Turlag  Keipen

v. Kristin Vik Sparvath tlf. 975 56 956

E-post: barnasturlag.keipen@gmail.com



Turbo-trimmen 2017

I år har maskoten vår, Turbo, lagt ut postar som ungane mellom 0-12 år skal finne.  Dei ligg godt merka ved oppmerka løype som er skildra i Turboka – Bremanger. Turane skal passe som dagsturar for barnefamilier. Klippekort er å få kjøpt på Spar Kalvåg, Spar Bremanger, Nærbutikken Leirgulen Handel, Nærbutikken Davik, Joker Ålfoten og Coop Prix i Svelgen.
Det kostar 50,- for kortet, og ungane får deltakar-premie når dei leverer fulle kort før 1.oktober. Dei er og med i trekning av flotte premier som vert trekt på årsmøtet til Keipen.​​​​​​​

Kontaktpersoner:

Astrid Johanne Vårdal   tlf.95199878

Kari Songedal                    tlf.90129570

Evy Dombestein                tlf.95030392

Dette er eit tilbod for dei mellom 0- 12 år. Keipen turlag har og eit tilbod for dei sprekaste ungane, der dei kan vere med på turbok-trimmen for  dei vaksne, men då trenger dei berre 7 klipp.

NATUROPPLEVELSER FOR LIVET

Barnas Turlag er DNT sitt tilbod til små og store barn og familiane deira. Som medlem i BT får de høve til å vere med på spanande turar i nærområdet. Det vert lagt vekt på naturopplevingar og enkelt friluftsliv gjennom leik og aktivitetar.

Medlemmane i BT får gode rabattar på godt turutstyr. Du kan lese om aktivitetane våre her på sida eller Facebook, Barnas Turlag Keipen.

Barnas Turlag vil også i år ha aktivitetar som m.a. Turbotrimmen, overnattingstur og Kom-deg-ut-dagen.​​​​​​​

Her er vinnarane av turbotrimmen 2016. Helje Torson S. Liset som vann gåvekort frå klatreparken. Elias Arstein Nybø og Hans Erik Frøyen vann kvar sin kinobillett. Elias i Bremanger og Hans Erik i Svelgen. 13 born leverte kort som synte at dei hadde vore på alle seks postane.  I tillegg var det mange som hadde vore innom ein eller fleire av postane. Det er kjekt å sjå at så mange finn glede i å gå i naturen.