Fjelltrimmen i Svelgen.

Keipen Turlag driv fjelltrimmen i Svelgenområdet og årsmøtet 2020 bestemte at denne skulle digitaliserast frå årsmøtet no i november 2021.

No kan vi bruke appen Georeg til å registrere turar i heile ytre del av kommunen, Ålfoten, Davik og Midt- og Nordgulen. God tur!

Svelgen Fjelltrim 

Då er vi klar for nytt år med fjelltrim i Svelgen. Den vil gjelde fra d.d til 31.10.22. 

Nytt av året er elektronisk innsjekk på GEOREG.

Ønsker du å delta i konkurransen må du sjekke inn elektronisk. Vi ønsker at alle uansett konkurranse eller ikkje, gjer dette. Dei som sjekker inn elektronisk på Georeg skal ikkje skrive namnet sitt i boka i kassa.

Det er blitt nokre endringar på poenggjeving på dei 10 toppane som er med:

• Gulebrystet 3 p.

• Jakthytta 1 p.

• Moldahytta 1 p.

• Risevatnet 3,5 km 1 p.

• Risevatnet-Vasskaret 2 p.

• Toppen 2 p.

• Knekkevasshytta 2 p.

• Ivervatn 1 p.

• Martinbu/Sandsegga 3 p.

• Omvendeskaret 1 p.

Gå inn på Georeg.no for år lage deg ein brukar. Last deretter ned Georeg-appen, som ein brukar under innsjekking. Som Georeg- brukar kan ein både ha gratisabonnement «lite» eller «pro» som koster 120 kr året. Pro abonnementet gir nokre fleire muligheter.

Ein kan sjølv velge om ein ønsker å verere anonym eller synleg på lista.

Premieutdeling vil som vanleg bli på årsmøte til KT i november 2022.

Det vert premie; 500 kr, til den eine som har flest poeng.

I tillegg premierer vi etter loddtrekking; ein premie på 500 kr til ein frå kvar av aldersgruppene; born 0-13 år, ungdom 13-19 år, voksen 19-67 år og senior 67 år+.

Då er det bare å løpe ut i fjellet, lykke til!

Skrevet av Kirsten Grotle 5. desember 2021