Keipen Turlag i eige lokale.

Endeleg er vi i mål med ein mange års draum, om å få eit eige lokale. Sentralt, midt i kommunen i Rugsund, har vi vore så heldige å få leigeavtale med Linja AS/SFE, no etter at dei flytta ut av bygget og inn i nye lokale.


Det har blitt ein del jobb med maling inne, tetting av døråpning til resten av lokalet, innsetting av ytterdør, montering av hyllesystem, skruing av møbler og utvendig maling.

Det har og vore eit heilt arbeid å samle inn alle eigedelar frå kriker og kroker i bygda, alt er registrert, vaska, stelt og pakket i plastkasser.

Det som står igjen, er å få hente båten vår, nå har vi god plass til den.

Etter at covid-19 slo til, har vi ikkje kunne bruke det vanlege møtelokalet. Husleigeprisar  blir dyrt i lengda for eit frivillig lag når styret møtest 8-9 gonger i løpet av eit arbeidsår i tillegg turleiarmøter og x-antall Barnas Turlag-samlingar. No kan vi  møtest i det nye lokalet vårt i Rugsund.

Ei stor takk til Jannike Brenden Frøyen som er primus motor i prosjektet, og som har lagt ned mange arbeidstimar.

Ei stor takk til Per Arild Frøyen for masse godt snikkar- og monteringsarbeid.

Ei stor takk til Kirsten Grotle for god kontroll på utstyr og all jobben med utstyrslister og å huske på kvar ting er. 

Og ikke minst, ei stor takk til SFE som har bidratt med betydeleg sponsing til prosjektet, slik at vi har kunne realisere draumen vår.

No kan vi glede oss til å snart å ta fatt på neste dugnadsår, med både hyttejobb, merking, fellesturar og aktivitetar for små og store - og ikkje minst masse latter, glede og samhold.

Velkommen med på laget!

Skrevet av Kirsten Grotle 3. november 2021