Olavsbu - Hornelen, reparert og klar for meir besøk.

Foto: Jannike Brenden Frøyen

Endeleg er taket tett og hytta klar for meir besøk. Med økonomisk støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, kunne dugnadsfolka i Keipen Turlag fullføre dette store prosjektet. 

Laurdag 25. september var dagen då 6 personer tok turen til Hornelen og jobba dugnad på Olavsbu-Hornelen.  Arbeidet var godt planlagt av Oddmund Leirvik, alt nødvendig utstyr og arbeidsivrige folk kom etter kvart på plass ved hjelp av helikopter. 

Utvendig er det montert beslag over mønet, ny knotteplast er lagt på taket og stein er mura opp igjen. Innvendig har det blitt rydda og reparert; benker, vindauget var laust og blitt festa igjen og frostskade ved døra er reparert. Dei manglande bokstavane på døra er på plass og så klart har vi fått opp skilt med T som viser at turlaget er eigar av denne nødbua på toppen av Europas høgaste sjøklippe.

Dugnadsgjengen denne dagen besto av Per Arne Sæterlid, Svenn Petter Kjerpeset, Per Arild Frøyen, Kjell Morten Langedal, Jon Nygård og Jannike Brenden Frøyen. Ein fantastisk innsats, godt utført arbeid av ein super gjeng.

No håper vi at folk ikke klatrer på bua så stein raser ned igjen og ellers er flinke til å ta med seg søppelet sitt ned igjen .

Litt historie: Olavsbu-Hornelen vart bygd og sto klar i 1990,  i forbindelse med heksefestivalen i Berle der bl.a Dollie de Luxe framførte rockeoperaen Which Witch.

Berle Grendalag har vore eigar av denne nødbua på Europas høgaste sjøklippe Hornelen. I november 2019 fikk Keipen Turlag Olavsbu i gåve, overtakinga var på årsmøtet i Berle. Bua hadde behov for litt omfattande reparasjon og no har Keipen Turlag utført dette på den 31 år gamle trekanta betong  - bygningen. På grunn av at DNT- systemet allereie har ei hytte i Jotunheimen med namnet Olavsbu, vert no namnet Olavsbu-Hornelen!

Vil du lese meir om prosjektet og sjå fleire bilete besøk Keipen Turlag - Innlegg | Facebook

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane støtta oss i dette arbeidet.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane støtta oss i dette arbeidet.

Skrevet av Kirsten Grotle 27. september 2021