Turorienteringa 2021

Då er vi klar for endå ein kjekk aktivitet i Keipen Turlag; turorientering i område rundt Svelgen.

Turorientering er ein aktivitet som passer for heile familien og på tvers av generasjonar. Sjølv om dei merka rutene er lagt til Svelgenområdet, vil vi óg anbefale turgåarar frå andre bygdelag å ta turane. Du får lære meir av kommunen vår kjenne og det å gå på tur i nye omgjevnadar, er positivt.

Årets turorientering går føre seg i områda


  • Skogsvei Hessvika

  • Rise-Gravplass-Risevatn

  • ·Vingevatn

  • Storefosstunnel-Demning

Alle rutene er lette å finne om ein brukar kartet. Dei fleste er merka.

Det er lagt ut 27 postar som ein kan ta i den rekkefølga ein vil. 

Du kan kjøpe konvolutt med informasjonsskriv, klippekort og kart på Best. Vil du lese litt meir om turorienteringa i år før du kjøper det du treng, kan du lese skrivet her https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/dea3c3f429159b6221e2d87d719648796b54f63e.doc og karta over områda ser du under.

Sesong: frå no - 29.august.