Vetvika - dugnad på stien - Svarstad - Vetvika - Svarstad

Endeleg har vi nådd målet om å få på plass skilt og nye merkepinnar på stien til Vetvika.
Å for ein dag ! Å vere med på dugnad er kjekt! Det kan alle som var med på arbeidet på stien til Vetvika laurdag skrive under på.
Ein fantastisk gjeng med stå - på - mot og godt humør utførte laurdag eit godt stykke arbeid. Ca 15 km tursti, ca 300 kjepper og 10 skilt vil no vise folk trygt ned og opp igjen frå Vetvika; både stien ned mot Vollen og langs Solheimsvatnet/ura er no blitt merka.
Det var organisert med båttransport frå Hauge til Vetvika og to lag gjekk derifrå i kvar si retning. Frå Svarstad gjekk og ein god gjeng som delte seg i to og merka i kvar sin retning, til vi alle møttes på midten. På tilbaketuren vart enkelte våte parti steinlagde og gjengen kan seie seg godt nøgde med eit fantastisk stykke arbeid.
15 personer med merkepinnar og slegge og div utstyr og sjåfører både til vanns og fjells.
Jammen tek det ikkje lang tid å få ting gjort med ein god dugnadsgjeng.
Takk til: Kjell, Elias og Ivar Rune og de 15 tungtberande: Kirsten, Svenn Petter, Jan Karsten, Åste, Tore, Kari, Sølvi, Tom, Margit , Geir Ove, Ole, Svein Ulrik, Mary, Terje og Jannike. Vi må óg takke Arve for transport av merkepinnar til Rabben og turgåarar som har bore med seg nokre av desse oppover langs stien.
Alle har de bidrege til at denne vakre turen er betre og tryggare for folk å ferdast på.

Etter transport opp på Rabben er vi no klar for å starte jobben. Foto: K. Grotle

Sekkane er godt fulle og tunge. Foto: K. Grotle

Heldigvis er starten i lett stigning. Foto: K. Grotle

Montering av første skilta i stikrysset. Kjekt å sjå på! Foto: s. Joensen

Første skilta er på plass.

Då seier vi godt tur til Vetvika til dei som gjekk mot ura. Foto: K. Grotle

Sleggje er einaste redskapen som duger når vi skal feste merkepinnane skikkeleg. Foto: K. Grotle

Ei lita pause før montering av endå eit stikryss. Foto: K. Grotle

Kari viser veg til Karihaugen. Dette stikrysset viser kor ein kan ta av frå den merka stien og gå umerka vestover til Karihaugen og vidare sørover Bremangerlandet. Foto: K. Grotle

No nærmar vi oss utsiktplassen der dei som har merka opp bakken ventar på oss. Foto: K. Grotle

Det var få turistar denne dagen. men to spreke jenter frå Stavanger var gjerne med på bilete. Foto: K. Grotle

Båtturen gjekk på svartstill fjord. Foto: J. B Frøyen

Snakk om flott turvêr både på sjø og land.

Merkepinnar som har vore lagra ute eit år, er tunge! Foto: J. B Frøyen

Her er det berre å slå hardt, skal skilta stå på denne vêrharde plassen.

Ingen problem å velje rett veg no. Foto: J. B Frøyen

Klar for turen langs Solheimsvatnet Foto: J. B Frøyen

Her er gjengen samla på utsiktspunktet. Foto: J. B Frøyen

Beste tursnacksen er nok bøkefisken til Ole. Ramsalt fisk i ramsalt miljø. Foto: J. B Frøyen

Utbetring av stien gjennom eit vått område. Foto: J. B Frøyen

I dette området og sørover Bremangerlandet finn vi mange fantastiske merkesteinar. Foto: J. B Frøyen

Heldige damer som fekk skyss nedatt Steinfjellsvegen.

Ingen problem å velje rett sti no. Foto: J. B Frøyen