Kvifor ikkje sjekke inn på SjekkUt når du går på tur

Sjeldan møter vi så mange ute på tur som no i denne Korona-tida vi alle går gjennom. Spesielt mange familiar som kjem på lang, lang rekke og føl alle gode råd om å ikkje kome for nær dei andre du møter på tur.

Vi skal alle gjere vårt for å unngå smitte. Vi i Keipen Turlag har m.a. teke inn turbøkene som  til vanleg  er plassert ut på ni turpostar i Svelgenområdet. Her oppfordrar vi alle om å nytte DNT sin digitale app, SjekkUt. Denne er heilt GRATIS å bruke for alle.

Vi har svært mange SjekkUt - punkt i Bremanger kommune. Dei ser du som raude prikkar og som skiftar til grønt ved besøk, på kartet. (sjå bilete) Kvifor ikkje bruke dette til å finne nye turmål. Brukar du kartet som kjem opp når du opnar app'en, ser du heile tida kor du er i terrenget i form av ein raud prikk som flyttar seg i lag med deg.

Til opplysing ligg alle fjelltrimpostane i Kalvåg, Bremanger og Davik på kartet. Du vil óg finne mange fleire turmål rundt om i kommunen, både enkle og meir krevjande. I tillegg er det denne app'en som blir brukt til registrering på Dagsturhyttene.

På heimesida til DNT les du:

Sjekk ut ditt nærområde med Den Norske Turistforening sin app med turposter over hele landet.

DNTs medlemsforeninger legger ut sine anbefalte turposter sortert i tematiske eller geografiske lister. Brukerne kan enkelt i appen velge sine favoritturposter og skjulte perler, sjekk inn digitalt, signere gjesteboken og dele opplevelsen på sosiale medier.

Funksjonalitet:
- Digital innsjekking på turposten med mobiltelefon
- Oversikt over egen hvor mange og hvilke turposter en har sjekket inn på
- Mulighet for å ta bilde i appen og dele på sosiale medier
- Mulighet for signering av digital gjestebok
- Kart som viser turpostene i nærheten
- Appen inkludert kart og innsjekking fungerer også offline