Årsmøte 2019

Medlemmar frå nesten alle bygdene i Bremanger kommune var på plass i Berle  då årsmøtet i turlaget skulle avviklast torsdag kveld.

Årsmøte i Turlaget var i år lagt til Berle og grendahuset der. Ved møtestart var heile 22 personar på plass. Tor Magne frå YNT og SFT besøkte oss igjen og i tillegg hadde vi invitert Anne og Anne Lise frå grendalaget.

Årsmøtet har sin agenda med faste saker som skal behandlast og Espen losa oss trygt gjennom saker og debatt. Det er alltid kjekt med engasjement og diskusjonar.

I årsmeldinga fekk alle sjå at veiret i sommar hadde vore utfordrande for gjennomføring av fellesturar. Dei nasjonale turdagane KDU vinter og haust og Opptur, og ikkje minst Friluftsmoro i Berledalen var derimot suksessar. Då er det trist å sjå at medlemstala nettopp for familiemedlemskap, har gått mykje tilbake. 

Hyttene har mykje dagsbesøk og i år har vi fått montert solcelle på Knekkevasshytta.

Den store debatten var knytta til vedtekter og ein reduksjon av styremedlemmar, gjeldande frå neste år.

Vi hadde invitert Anne Kristoffersen til å fortelje om merkeprosjektet i fjella kring Berle. Det å ha eit eigarforhold til prosjektet er viktig for vedlikeholdarbeidet i ettertid. 

Årsmøtet vedtok å ta imot gåva frå Berle grendalag; Olavsbu på Hornelen, med grunngjeving i at vi har to T- merka stiar til Hornelen. Vi fekk óg overlevert "Hornelen-sertifikatet" for vidare salg.

Vi såg ikkje at vi kunne starte opp fleire nye hytteprosjekt komande år.

Når det så kom til val, synte det seg at det vert store endringar i styret. Fire mangeårige styremedlemmar/varamedlem; Svenn Petter, Per Arne, Gabriel og Espen vart takka for gode jobbar.

Leiar Kirsten tok ikkje attval og ny leiar vart Evy Dombestein. Ho får med seg i styret Sølvi Joensen, Steinar Isene, Liv Sigdestad Brekke, Kirsten Grotle og to nye: Jannike Brenden Frøyen og Svanhild Liset. Johnny Røys og Rune Nordbotten er vara til styret.

Ei matøkt vart det tid til og premieutdeling til Fjelltrimmen indre, Turorientering, Turbo - og Turboktrimmen. Takk til alle som brukar mange timar for å legge til rette for desse aktivitetane som går gjennom heile året.

Kvelden vart lang og takk til dei som var igjen og hjelpte til med opprydding.


Skrevet av Kirsten Grotle 22. november 2019