Opptur 2019 - Bremanger kommune

Stopp undervegs til Knekkevasshytta
Stopp undervegs til Knekkevasshytta Foto: Kirsten Grotle

Opptur er ein av DNT sin nasjonale turdagar. Slik også hos oss i Keipen Turlag og 8. mai gjekk alle 8. klassingane turen til Knekkevasshytta.

Det var med ei viss spenning vi frå ytre og Hauge Oppvekst tok turen innover for å møte ungdomane frå resten av kommunen. Snøbygene hadde gått tett siste timen før avreise. Men etter ein tur under havoverflata vart vi møtt av sol og tørr asfalt då vi kom opp att på Rugsundøya.

Inne ved Sørdalstrappa venta elevar og lærarar frå Svelgen og Davik Oppvekst. Etter litt prat om dagen, utdeling av Oldenvatn og hovudband var det berre å ta beina fatt på vegen mot Knekkevasshytta, som var dagens mål. Elevane var uvanleg spreke og turen gjekk unna i ei viss fart og i fint vêr. Heldigvis var det lagt inn stopp undervegs med god orientering frå Per Arne som snakka om geologien i fjellmassiva i området. Magne tok for seg historia rundt kraftutbyggjinga og grunnlaget for Svelgensamfunnet. Vi fekk meir om historia til Knekkevasshytta og livet der etter at vi kom fram til hytta. 

Her vart det tid for å nyte nista, bli kjend gjennom prat og kortspel.

Dagen vart avslutta med ein tur bortom ein tunnelopning for å kike nærmare på den. Alle var samde om at dette hadde vore ein god dag!