Aktiv i 100 - diktarstien i Botnane

Dei tre søylene på Jørnjorda
Dei tre søylene på Jørnjorda Foto: K. Grotle

Måndag og turdag - i dag til Botnane. For nokre var det første besøket i denne bygda og då var det kjekt at det var dikta til Bruheimen som viste oss vegen gjennom delar av bygda.

Vi møttest i Svelgen kl. 10.00, fekk plass i to bilar som tok vegen mot Botnane. Det var fint vêr men kaldt då vi parkerte ved søylene på Jørnjorda. Her starta vi med å lese dikta "Du i meg", "Gjev meg ei stund med stille", "Tjelden" og "Haustkveld ved havet", for kvarandre. På turen vidare kom vi til Flòtholmen og diktet "Øyi mi" og litt for mykje sjø til å ta turen ut til øya.

Dei lilla merka synte så vegen til kaia som var fast stoppestad for ferja i tidlegare tider. Diktet "Still sjø" og skiltet her, fortel om kaia som samlingsstad. På veg inn på  gravplassen las vi diktet "Tri grannar" og historia til den.

På veg til rastepause fekk vi kjenne litt på regn, så den tok vi under tak ved skulehuset. Her fann vi huset sitt eige dikt "Huset som talar". Vi måtte stoppe opp og lese "Den annsame" som dei fleste kjenner seg att i, før vi tok vegen til "Fotefar i stein" ein kort tur på sti, bak skulehuset.

Ein kjekk dag med stadig nye med på tur.