Aktiv i 100 - tur til Skipperdalen

Vi fekk ein god start inn i påskeveka, vi som var med på tur til Skipperdalen i dag.

Vi var heile 17 turgåarar som starta turen frå Skarstein til Skipperdalen måndag i påskeveka. Mange innan målgruppa til Aktiv i 100,  påsketuristar og jamvel barn. Det er alltid kjekt med ei god blanding. Dette vart verkeleg ein god møteplass for folk frå fleire bygdelag.

Turen gjekk i strålande påskeveir utover. Turleiar hadde lova god sti, men den var like våt som vanleg, dei første metrane. Men elles var stien heit fin å gå. Framme ved husa kunne vi beundre dei flotte påskeliljene og det var lett å lese SKIPPERDALEN laga av påskeliljer. Vi vart freista til å ta ei lang rastepause ved husveggen og praten gjekk om mangt og mykje, iblanda litt historikk om området. Men som alle gode pratestunder, måtte denne óg brytast, for å ta turen heimatt. Varme og sveitte tilbake i bilane, var vi einige om at dette hadde vore ein fin føremiddag.

Skrevet av Kirsten Grotle 16. april 2019