Aktiv i 100 - tur til Skaravatnet

Dagens tur gjekk innover Bortnedalen mot  Skaravatnet

Det var kjekt å sjå tre nye turgåarar møte til dagens tur. I kjøleg, men fint vêr tok vi fatt på turen innover vegen i Bortnen. Forbi dei inste husa, gjekk vi vidare på traktorveg og seinare sti innover i skogen. Vi kom oss tørrskodde over elva, før stien gjekk inn på brua over den noko større elva. Vi studerte kva kreftene i rennande vatn har gjort med steinane i elva. Mykje fin rullestein såg vi heile vegen. Så var det berre den vesle bratta over kanten og Skaravatnet møtte oss. Snakk om lunt og fint område å nyte medbrakt niste. Her kunne vi ha sete lenge. Men, turen skal ikkje vare for lenge, så det var berre å rusle same vegen tilbake. Med mange gode tilbakemeldingar kan vi berre glede oss til neste tur som går frå Berle til Skipperdalen. Set av neste måndag til tur og møt ved Skarstein kl 10.30.

Kva skal vi kalle denne aktiviteten? Gålag blir brukt fleire stader.  Hjelp oss å finne eit lokalt namn. 

Foto: Kirsten Grotle