Nissemarsj til Draumeplassen

Barnas Turlag i Keipen fekk seg ein fin tur i dag, tredje søndag i advent.

I dag var 24 små, 2 UNG og 15 vaksne med på Nissemarsj. Vi gikk fra Lida og opp til 4H si hytte i Langedalen. På vegen opp hadde nisse-ungane laga til rebusløp. Vi måtte samle bokstaver og lage eit ord når vi hadde funne alle lappane. Alle ungane som deltok fekk ein nisteboks i premie. I tillegg trekte vi ut fleire vinnere som fekk ulike premiar. Dei flinke nisse-mammaene hadde kokt graut til alle mann, og vore rause med mandlane, heile 3 hadde dei gøymt😊
Etter maten gjekk mange ut for å leike. Sjølv om det ikkje var så mykje snø gjekk det fint an å ake.
Tusen takk til 4H for at vi får låne Draumeplassen til denne turen

Skrevet av Kirsten Grotle 16. desember 2018