Kom deg ut - dag søndag 2. september 2018

I år markerer vi DNT sitt 150 - års - jubileum med ikkje mindre enn tre arrangement på Kom Deg Ut - dagen. Barnas Turlag brukar dagen i Meistringsgården klatrepark, vil du   prøve deg på Plogen, eit av våre flottaste fjell; blir du med Kjell Morten på tur og til slutt; som vanleg har vi opa Knekkevasshytte.


Les plakaten til Barnas Turlag for informasjon. Merk deg at fristen for påmelding er forlenga til laurdag kl. 15.00. Ta kontakt med Stine Mari Solheim for påmelding. - tlf 95 93 84 67


Plogen er 1357 moh og Saga 1318 moh. Det går merka løype til Keipen frå Sørdalsvatnet i Svelgen.  Ein kan og gå inn til fjellmassivet frå fleire utgangspunkt i Ålfoten og frå Grøndalen.Turen i dag går frå Ålfoten.

Oppmøte ved Ålfoten skule kl 09. Derifrå fyller vi opp biler og køyrer inn Førsdalen.

Det er ein lang tur til fots. Turgåer må være trent. Vindtette kle, gode sko, klesbyte, drikke og niste

Turleiar Kjell Morten Langedal - tlf. 99 74 22 88


På Knekkevasshytta stiller hyttevertane som vanleg med suppe, kaffi og kaker i tidsrommet 12.00  -15.00


Skrevet av Kirsten Grotle 31. august 2018