Skitur til Vingelvsætra.

Fellestur

Dato
17. april kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Keipen Turlag
Dette arrangementet er over!

Viktig info! Turkode er endra frå fottur til skitur!

Tur til Vingesætra 17.april i Bremanger kommune. Turen startar I Svelgen på skogsvegen på Sande klokka 10.00 laurdag morgon. Turen tar ca 7 timar tur retur. Vi startar på skogsveg for så å gå over til sti i noko bratt terreng opp til Martinbu på Sandsegga. Derifrå er terrenget stort sett flatt innover mot Kjønnavatna og vidare til Gaddeskogen og Vingelvsætra. På turen har vi fin utsikt utover Nordgulen Hornelen, Berle, Måløy og elles ut mot havet. Hugs å ta med godt med mat og drikke, og varme klede i sekken. Gode sko og vindtett jakke er også lurt å ha med eller ha på seg. Turleiarane har med førstehjelputstyr, men dersom du vil ha med ditt personlege førstehjelpsutstyr må du hugse dette. Vi er tilbake ca klokka 18.00 på Sande.

Når turen nermar seg blir det gitt meir detaljer om føret. Som for eksempel om det er snøfritt heile vegen eller om vi eventuelt må ha truger. Dette er litt avhengig av korleis veret er kommande veke. Elles vil vi informere ved turstart om kovidreglar. Det viktigaste er avstand og hygiene.

Turen er merka Blå (middels krevjande)

Vi ønsker påmelding til turen:

Turleiar: Per Arne Sæterlid tlf 95967770 og Tobias Bueie tlf 91996939

Velkommen på tur med oss