Frå solnedgang til soloppgang

Fellestur

Fra dato
19. juni kl. 21:00
Til dato
20. juni
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Keipen Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Då er vi igjen klar for nattevandringa frå Grotlesanden til Veten og solnedgangen her. I år går turen helga før jonsok og det kan gje oss ei lys natt. 

Turstart er som alltid frå Grotlesanden kl 21.00.  Inntrykket vårt, er at solnedgongen er det viktigaste målet for turen og den får vi i Vetenområdet. Her må vi sjølvsagt innom Vetehytta; Bremanger kommune si dagsturhytte. Opplegget er så at turen held fram austover Bremangerlandet og innom fleire av fjelltrimpostane til Bremanger idrettslag, m.a. Leienipa som i år er eit av klippekortmåla i Keipen Turlag sin Turboktrim. Kanskje vi tek ein ny vri i år; kuttar Huseheia og heller går mot utsiktspunktet på stien ned mot Vetvika. Soloppgangen møter vi på siste delen av turen, nærmare Steinfjellet og vegen ned att til Svarstad. Ein står fritt til å avbryte turen og gå nedatt i bygda når ein ønsker det. Her er det fleire vegar/stiar å bruke. Tryggast er ned grusvegen på Indre Grotle eller stien vi gjekk opp.

Dette er ein lengre tur og ikkje minst om natta. Sjølv om vi er inne i ei heteperiode kan det vere lurt å ta med ekstra varme klær, varm drikke og god niste. Det er veldig tørt i fjellet og å finne vatn på turen kan vere vanskeleg etter elva i Grolsdalen.

Turen vert arrangert berre i fint vêr. De vil finne meir opplysnngar i arrangement på Facebook Keipen Turlag e tid  forkant av turen.

God tur!

Turen krev påmelding og ta kontakt med

Turleiarar:Gry Gulestøl og Svenn Petter Kjerpeset 

Vi samordner køyring og parkerer ved Grotlesanden og på Svarstad.

 

 

 

Frå solnedgang til soloppgang

Då er vi igjen klar for nattevandringa frå Grotlesanden til Veten og solnedgangen her. I år går turen helga før jonsok og det kan gje oss ei lys natt.  Turstart ...