Trugetur til Gausbåsen

Fellestur

Dato
10. mars kl. 10:00
Passer for
Alle
Arrangør
Keipen Turlag
Dette arrangementet er over!

Søndag 10. mars vert det trugetur til Gaubåsen.

Dette er ein flott tur der ein får fin utsikt både innover og utover Nordfjorden.

Vi går den gamle støylsveien oppover mot Dalen, som var setra til Prestegarden på Davik. Vidare går vi inn Dalsskaret, skråar oss opp på Olseterabben. Her ser vi nedover mot Dombestein.

Så går turen vidare mot Gaubåsen som ligg på ca 600 moh. Så går turen nedover mot høgda og utsyn over Davik, og ned på Tungeskaret, som er støylen til Indredavik.

 

 Vi har fått låne 5 par truger frå Indre Sunnfjord Turlag, dersom nokon har lyst å låne desse ta kontakt seinast 6. mars med turleiar…

 

Om det ikkje vert trugeføre, går turen til fots.

 

Ha på /med : vindjakke og bukse, vottar, god hue og ekstra ull/fleece i sekken.

 

Vi går frå Robakken 3 kl 10.00

 

Mildrid-Annette Indredavik

91338949