
ut på tur i bremanger kommune
Utanom det oppsette fellestur-programmet, har vi fleire faste aktivitetar gjennom året.
Vi er alltid med og markerer dei nasjonale turdagane; Opptur og KomDegUt vinter og haust.
TURBOKTRIMMEN
Med utgangspunkt i Turboka, arrangerer Keipen Turlag ein fjelltrim med 10 turmål spreidd i Bremanger kommune – Turboktrimmen. Målet er å nå ein fjelltopp i kvar sone i Turboka innafor ein sesong.
Her kan du sjå plakaten om Turboktrimmen 2017 og informasjonskriv om turboktrimmen.

Knekkevasshytta er eit av turmåla i fjelltrimmen. Boka finn du på utedoen - Dassidyll.

TURORIENTERINGA INDRE
Det vert sett opp postar i området Indre.
Turorienteringa vert gjennomført vår-haust og ein får kjøpt klippekort på Svelgen Motorsenter (Best).
Her kan du lese meir om Turorienteringa 2017.
Kontaktperson: Steinar Isene
Tlf.: 45 87 47 37

Steinar Isane heng på plass post til Turorienteringa
FJELLTRIMMEN INDRE
Det er lagt ut bøker på ulike postar. Bøkene finn du her:
Gulebrystet, Jakthytta, Moldahytta, Risevann 3,5 km og 5 km, Sandsegga, Toppen, Omvendeskaret, Knekkevasshytta og Ivervann.
Poengsystem og premiering vert som følgjande:
- 3 poeng for postane på Sandsegga, Toppen og på Gulebrystet
- 1 poeng til dei andre postane.
- Premiering etter flest oppnådde poeng. kr. 500,-
- Premie på kr. 500,- etter loddtrekning blandt dei som har besøkt alle postane minst ein gong.
Periode: Heile året. Bøkene vert talde opp i månadsskifet oktober/november.
Utsikt frå Gulebrystet
Foto: Svenn-Petter Kjerpeset
FELLESTURAR 2021
Turane kan du lese om på heimesida vår og som arrangement på Facebook/Keipen Turlag når tida for turen nærmar seg.

Vingelvsætra er eit av turmåla 2021.